Personakt Antavla

Jon Gjermundsson - Skoge

Lensmann. Blev högst 79 år.

Far:Gjermund Jonsson Skoge (1600 - 1668)
Mor:Ingrid Tomesdotter

Född:1635 Hjartdal, Telemark, (Norge). [1]
Död:1714 Hjartdal, Telemark, (Norge). [1]

Barn med Tone Jonsdotter - Kleppen (1637? - 1698)

Barn:
Ingeborg Jonsdotter - Skoge (1658 - 1739)
Margit Jonsdotter - Skoge (1660 - 1698)
Ola Jonsson Tjønnås - Skoje (1661? - 1725)
Helge Jonsdotter (1669 - 1716)

Noteringar

Matrikkelgarden Skoge gnr. 82
Jon Gjermundson, eigar og brukar ca 1668-1714 f ca 1635 d 1714. I kyrkjeboka 1714: "Anne Haave siger at Jon kunde være 3 a` 4 aar ældre end hund, som nu er 75 aar, thi hun er fød 1639". Jon gIg m Tone Jonsdtr. Kleppen f ca 1637 d 1698. GIIg 1702 m Taran Olsdtr. Tjønnås.? Born i første ekteskap: 1 Margit f ca 1660 d 1698/99 på Skårnes gm Halvor Skårnes, Nord-Skårnes. 2 Ola f ca 1661, sjå VI. 3 Gjermund f 1675 d 1695. 4 Halvor f 1678 d 1725 gm Tone Nerisdtr. Frøland, sjå Nord-Leine. 5 Ingebjørg gm Ola Håberg, sjå Nord-Leine. 6 Ingrid d før 1714, g 1689 m Steinulv Halvorson, let etter seg sonen Kjetil Steinulvson Borgen. 7 Helge g 1695 m Ambros Jonson Sauar. Det andre ekteskapet var barnlaust.

Det var strenge reglar for kven som kunne inngå ekteskap med kvarandre på 16-1700-talet. Den andre kona til Jon var i ætt med den første, og dette var imot kyrkjeleg lov. Presten, hr. Abraham Post, hadde ikkje ordna med kongebrev, og det blei sak. I saka mot presten i 1704 var både brur og brudgom stemna, og Jon hevda at han "gav med god vilje" da han fekk si siste kvinne. Post fekk ei ku for å kaste jord på den første kona, og 1 rd. for å vigje han med den andre. Retten godtok forklaringa til Jon.

I 1711 hadde dei tenestejentene Åshild Torbjørnsdtr. og Anne Halvorsdtr. Dei fekk 2 rd. i året i løn.

Jon Skoje var lensmann etter faren, og det ser ut til at Skoge var lensmannsgard frå 1660-åra i vel 40 år frametter. Garden var ofte tingstad på den tida. På hausttinget i 1688 blei ei lagrette sett på Skoge. Saka var tragisk: "Løst kvindfolk Gundvor Drengmandsdtr., dømt til døden for å ha født i dølgsmål, og tatt livet av barnet". Same året skriv presten i kyrkjeboka under Skoge at han betjente Gunvor Drengmandsdtr. "med saligheds Midler paa Schoie og samme dag fulgte hende til Rettersteden". Bror til Gunvor var Anund Lofthus. Han vitna på eit ting på Nordbø i Hjartdal at ho ikkje åtte anna enn det ho gjekk og sto i.

Også lensmannen måtte svare for retten, både for stort og smått. I 1687 blei lensmannen stemna saman med med fleire sambygdingar for ulovleg hogst i Himinglia, sjå Fosse. Seinare blei han saksøkt av ein kjøpmann i Skien for eit anker brennevin.

Det blei halde skifte etter Jon Gjermundson i 1714. Formuen i buet var på 755 rd., gjelda var på 50 rd., og nettoformuen var 705 rd. Buet åtte halve Skoge eller 3 tn., vurdert til 240 rd., vel 1 tn. i Bøen i Gransherad til 95 rd. og slåtta Værøya, som Jon hadde fått ved skøyte av Ola Knutson Lonar i 1670. Ein stor buskap var med i skiftet: 2 hestar til 12 og 16 rd., 16 kyr til 6-4 rd. kvar, 4 kviger, 3 ungstutar, 5 kalvar, 24 sauer, 8 lam, 5 geiter og 1 bukk. Kunamna: Kubånet, Rikrei, Heimrei, Dyrlåt, Brella, Bjørnbot, Blomrei, Dagerbot, Febot, Kranslin, Finrei, Trimrei, Valbot og Gjøbot. Blant kleda etter lensmannen var 1 par nye sko til 2 ort, 1 livstykkje av skinn, brøker i svart vadmål og "skjorter", truleg trøyer, i vadmål og raudt klede. Elles skjorter i lerret, storparten har sikkert vore heimegjort. Dessutan eit mannsbelte til 1 rd. 1 ort. Det blei usemje om eit sølvbelte. Enkja hevda det var festargåva hennar, borna frå første ekteskap meinte det var festargåva til mor deira, og beltet kom med i registreringa. Stasbeltet hadde ei lekkje med ti kuler i sølv, og gylla hekte og hempe, alt sauma på raud duk. Det blei vurdert til 12 rd., eller 2-3 kuverd.

Eldste son, Ola Tjønnås, tok over garden.


Källor

[1]Rune Helland